Verneombod

Verneområde Verneleiar Verneombod
Heile kommunen Sverre Sæter Torbjørg Johansen (vara: Brit Nordbø)
Kommunehuset inkl. legekontoret Sverre Sæter Anita Haugstad Haugsjå
Barnehagane Reidun Carol Retterholt Turine Wik Kåsa
Kåsa bu- og avlasting og Mila Arne Hansen Espebu Brit Nordbø
Skule/kultur Reidun Retterholt Toke Ullvar van der Gugten Beyer-Clausen (vara: Geir Christian Enger)
Nissedal omsorgssenter Arne Hansen Espebu Tone Margit Tveiten 
Teknisk drift (reinhald) Kristin K. Vaa Torbjørg Johansen
Teknisk drift (uteteneste, VA og brann)         Kristin K. Vaa    Arnt Olav Storkås

Mal vernerunder

Godkjent i AMU 18.2.2014.

  • Verneleiar er ansvarleg for at vernerundar vert gjennomførte innan 30.4. kvart år. Plan for gjennomføringa vert laga i samarbeid med verneombodet.
  • Verneleiar bør varsle om vernerunde minst 2 veker på førehand slik at alle har høve til å førebu seg og levere innspel. Varsling skjer ved oppslag på arbeidsplassen og/eller på e-post til alle tilsette i verneområdet.
  • Verneombodet skal vere med på vernerunden. Verneombodet skal få nødvendig fri frå anna teneste til å vere med på planlegging, gjennomføring og oppfølging av vernerundar i arbeidstida si. Det er ein fordel å ha med minst ein representant for teknisk drift (uteteneste og reinhald) og eventuelt aktuelle mellomleiarar på vernerunden.
  • Tillitsvalde skal ha eigen informasjon om vernerunden, med høve til å kome med innspel. Dei kan vere med på eit formøte til vernerunden, men skal ikkje vere med på å gå sjølve vernerunden.
  • Nytt mal for sjekkliste under vernerunden. Malen er tilgjengeleg på intranettet under HMS.
  • Vesentlege HMS-avvik som vert avdekte på vernerunden og som ikkje kan lukkast der og då innan gjeldande rammer, skal førast inn i ein handlingsplan på skjema for dette (ligg på intranettet under HMS). Verneleiar og verneombod skal vere saman om utarbeidinga av handlingsplanen, og verneleiar er ansvarleg for at det blir gjort.
  • Verneleiar sender underteikna handlingsplan til AMU.
  • Oppfølging av vernerundane skjer i samband med tertialoppgjer, innspel til budsjett og årsavslutning.

Sjekkliste for vernerunder

Handlingsplan - mal