§ 1 OMFANG 

1.1 Reglementet gjeld alle kommunale arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen § 1.1.

1.2 Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtalar eller andre vedtekter som er bindande for kommunen.

§ 2 TENESTEJUBILEUM

Arbeidstakarar som har vore i teneste for Nissedal kommune i 25 år, får velje mellom eit jubileumsur med personleg inskripsjon eller eit gåvekort med verdi på kr 7.000 jf. Skattelova.

Foreldrepermisjonar vert rekna med i tenestetida. Det same vert utdanningspermisjon og permisjonar for å vere politikar og tillitsvald i Nissedal kommune. Andre permisjonar vert ikkje rekna med i tenestetida. Dersom den tilsette har vore lærling i Nissedal kommune, skal verdiskapingstida av læretida(1 år) bli rekna med i tenestetida.

Enkelte tilknytingar til Nissedal kommune vil ikkje bli rekna med som tenestetid. Dette gjeld t.d. avtalar som tilkallingsvikar og støttekontakt og praksisperiodar i samband med utdanning.

§ 3 RUNDE FØDSELSDAGAR

Arbeidstakarar som fyller 50 eller 60 år, får ei gåve av verdi inntil kr 600.

§ 4 AVSLUTNING AV ARBEIDSFORHOLD

4.1 Arbeidstakarar som går av med pensjon eller sluttar av annan grunn etter mellom 2 og 10 år i Nissedal kommune si teneste, får ei gåve av verdi inntil kr 1.200.

4.2 Arbeidstakarar som går av med pensjon eller sluttar av annan grunn etter minst 10 i Nissedal kommune si teneste får ei gåve av verdi inntil kr 3.500.

§ 5 DØDSFALL
Når ein tilsett døyr, vert det lagt krans på båra til avdøde.

§ 6 RULLERING AV REGLEMENTET
Reglementet vert lagt fram for ADMU for rullering ved behov og minst ein gong kvar kommunestyreperiode. AMU har rett til å uttale seg i samband med rulleringa.