Generelle retningsliner

1 MÅL:

1.1 Målet med opplæring og personalutvikling i Nissedal kommune er at kvar einskild arbeidstakar til ei kvar tid har dei naudsynte kunnskapar, ferdigheiter og haldningar, og brukar dei i sitt arbeid med å nå dei fastsette mål for kommunen.

1.2 I tillegg til ein aktiv rekrutteringspolitikk vil kommunen leggje til rette for gode opplærings- og utviklingstiltak for arbeidstakarane.

1.3 Fagleg vedlikehald og kompetanseutvikling må ha høg prioritet, og ein har som mål at minimum 1 % av lønsutgiftene til dei faste stillingane vert avsette til opplærings- og utviklingstiltak.

2 AVTALAR OG REGLAR:

2.1  Kommunen si opplæring skal skje innafor ramma av dei lovar, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

2.2  Nissedal kommune sin opplæringsplan tek utgangspunkt i Hovudtariffavtalen.

2.3  Planen skal vere eit styringsverktøy, og tiltaksdelen skal rullerast kvart år i samband med budsjettprosessen. Rapportering skjer i samband med tertial- og årsoppgjer.

3 ANSVARSFORHOLD:

3.1 Arbeidsgivar har ansvar for at opplæringsplan blir utarbeidd. Planen skal vedtakast i Arbeidsmiljøutvalet. Ramma lagt i opplæringsbudsjettet avgjer gjennomføringsgraden.

3.2 Arbeidsgivar kan påleggje arbeidstakar å drive/ gjennomføre opplæringstiltak for andre tilsette i kommunen.

3.3 Einingsleiar har ansvar for å vurdere behovet for kompetanseutvikling i eiga eining og prioritere forslag til opplæringstiltak til opplæringsplanen i høve til dette.

3.4 Einingsleiar har vidare ansvar for å planleggje og gjennomføre opplæringstiltak i eiga eining innanfor prioriteringane i opplæringsplanen. Einingsleiar rapporterer på bruk av opplæringsmidlar i samband med tertial- og årsoppgjer.

3.5 Arbeidstakarane har rett og plikt til å vere med i opplæringstiltak som er heimla i fastsett plan. Arbeidstakarane har og eit sjølvstendig ansvar for eiga opplæring og utvikling, og vert oppmoda til å melde eigne behov for kompetanseutvikling til sin einingsleiar.

3.6 Kommunalsjef personal og utvikling har, i samarbeid med rådmann og kommunalsjef økonomi, ansvar for praktisk tilrettelegging og gjennomføring av felles opplæringstiltak i kommunen. Dette ansvaret kan delegerast til andre.

3.7 Arbeidsmiljøutvalet har mynde til å omfordele ubrukte opplæringsmidlar.

4 PRINSIPP FOR TILDELING AV OPPLÆRINGSMIDLAR:

4.1  Kvar eining vert tilført ein del av vedtekne opplæringsmidlar. Fordelingsnøkkel og kor stor del av opplæringsmidlane som skal fordelast på denne måten, vert vedteke av AMU.

4.2 Resterande del av opplæringsmidlane vert heldt av til større opplæringsprosjekt, som til dømes felles opplæring på tvers av einingar, større opplæringsprogram i ei eining eller utdanningstilskot til enkeltpersonar.

4.3 Alle søknader om utdanningstilskot til enkeltpersonar skal skje gjennom einingsleiar. Einingsleiar prioriterer søknader etter eininga sitt behov for kompetanseutvikling, og legg søknadene fram for AMU ved kommunalsjef personal og utvikling.

4.4 Til enkeltpersonar kan det til utdanning tildelast inntil kr 50.000,- i stipend til dekking av reiseutgifter (etter reiserekning), kjøp av bøker, semesteravgifter o.l. pr. studieår, uavhengig av tal på studiepoeng studiet eventuelt fører til. Avtale om dekking av utgifter må vere gjort på førehand. Stipendet finansierast av opplæringsmidlar, og det er AMU som vedtek tildeling av slike stipend innanfor ramma av vedtekne opplæringsmidlar. AMU skal ta omsyn til prioriteringar frå arbeidsgivar. Stipendet kan normalt ikkje kombinerast med studiepermisjon med løn utover kursdagar/samlingar i samband med gjennomføring av studiet/opplæringa.

4.5 Der ekstern delfinansiering av kompetanseutvikling som kommunen har behov for krev dette, kan det tildelast utdanningspermisjon med løn. Løna utdanningspermisjon kan normalt ikkje kombinerast med dekking av direkte kostnader etter pkt. 4.4. Den løna permisjonen og sosiale kostnader knytt til denne finansierast av opplæringsmidlar, og det er AMU som vedtek tildeling av utdanningspermisjon med løn innanfor ramma av vedtekne opplæringsmidlar.

4.6 Arbeidsgivar kan krevje inntil to års bindingstid etter enda utdanning. Dersom arbeidstakar sluttar før bindingstida er over, skal stipend eller løn under utdanningspermisjon betalast tilbake høvesvis i forhold til ikkje gjennomført bindingstid.

4.7 Arbeidsmiljøutvalet har mynde til å omfordele ubrukte opplæringsmidlar.

5 TILTAKSDELEN AV OPPLÆRINGSPLANEN

5.1 Tiltaksdelen av opplæringsplanen rullerast kvart år.

5.2 Einingsleiar er ansvarleg for utarbeiding av delmål og tiltak for opplæring innan si eining for komande år.

5.3 Kommunalsjef personal og utvikling koordinerer innspela frå einingane og legg fram forslag til AMU.

5.4 AMU vedtek opplæringsplanen med tiltak. Ramma lagt i opplæringsbudsjettet avgjer gjennomføringsgraden.

5.5 Planlegging skjer parallelt med utarbeiding av handlingsprogrammet for einingane/kommunen. Oppfølging skjer i samband med tertial- og årsoppgjer.