Om du har planar om vidareutdanning kan du få ein del av opplæringspotten. Dette gjeld dersom det er nødvendig for kommunen å heve kompetansenivået for å utføre pålagte arbeidsoppgåver/arbeidsfunksjonar. 

AMU har tidlegare fordela opplæringsmidlane etter desse prioriteringane: 

  • Tilsette som allereie er inne i eit studieløp
  • Utdanningar og kurs som er lovpålagte
  • Vidare- og etterutdanning som er yrkesrelatert
  • Større kurs, opplæringsprosjekt som gjev tilsette eit stort løft i kompetanse (på tvers av einingar, ei heil eining)

Ta kontakt med leiaren din om du har ynskje om kompetanseheving. Einingsleiar/kommunalsjef har frist til 31.01.22 for innmelding av innspel til personalkonsulenten.