Nissedal kulturskule er ein liten, men populær kulturskule, som dei siste 10 åra har hatt ventelister kvart år. Hovudfokuset til kulturskulen er SPELEGLEDE! Nissedal kulturskule har undervisning i Fleirbrukshuset i Treungen, men kan og ha undervisning andre stader i kommunen.
 

Frå 01.08.2023 har Nissedal kulturskule ledig fast stilling:

  • 10% fast stilling på song, gitar, bass, trommer eller piano – Id 2023/592
  • 8% fast stilling på teater – Id 2023/593
  • Dei ulike stillingsprosentane kan settast samen til ei stilling dersom søkjar har formell utdanning og/eller realkompetanse til det.
Kvalifikasjonar:
  • Utdanning som utøvande kunstnar innan musikk/teater, eller lærar med høgskule/universitet på piano, song, dans, gitar, trommer eller teater.
  • Pedagogisk utdanning eller erfaring med å rettleie born vert vektlagt
  • Kreativ og glad i å jobbe med born
  • Fleksibilitet og stabilitet på jobb vil bli vektlagt.
  • Samarbeidsevne 
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Anna:

  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
 
Søknadsfrist: 21.05.2022