Kåsa bu- og avlasting har ledige faste helgestillingar på 16-25% frå 09.10.23.
Id 2023/1085
Det er ledig helg kopla til avlastning og fastbuande brukarar. Det er moglegheit for ordinære vakter 3.kvar helg eller langvakter 5.kvar helg, eventuell 6.kvar helg. Ved avlastinga er det 4.kvar helg med ordinære vakter fredag og søndag, og langvakt laurdag.
På Kåsa har me eit tverrfaglig arbeidsmiljø, med engasjerte og inkluderande kollegar.
Me har fleire tenester med helsefagleg bemanning, og som tilsett kan du bli flytta mellom desse ved behov. Dette for å få til rett bemanning på rett stad. Stillinga under er lyst ut knytt opp mot Kåsa bu- og avlasting. Det er med utgangspunkt i noverande bemanningsbehov, og det kan bli endra.
Kvalifikasjonskrav:
- Helsefagarbeider
- Relevant erfaring blir vektlagt, og ufaglærte kan også bli vurdert.
Vi søkjer deg med:
- Gode faglege kunnskapar
- Interesse for fagleg utviklingsarbeid
- Samarbeidsevne
- Fleksibilitet
- Førarkort klasse B
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet.
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å kontakte avdelingsleiar Kristine Vik Ohren.
Kristine.vik@nissedal.kommune.no
Tlf. 350 48 573/47 62 05 29.
Send søknad på elektronisk søknadsskjema
Kristine.vik@nissedal.kommune.no
Tlf. 350 48 573/47 62 05 29.
Send søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 17.09.2023