AMU-medlemer

Faste medlemer av AMU 2019 - 2023.

Arbeidstakarsida:

  1. Torbjørg Johansen, HVO (leiar)
  2. Liv Irene Mandt Lindvig
  3. Leif Arild Sanden

Arbeidsgivarsida:

  1. Sverre Sæter (leiar)
  2. Jarle Bruun Olsen
  3. Jan Arvid Setane

Bedriftshelsetenesta:

Yrkeshelse Sør

Reglement for AMU

Nissedal kommune - Reglement for Arbeidsmiljøutvalet (AMU). Vedteke i AMU 11.3.14.

  1. AMU sin funksjon

    AMU er oppretta med heimel i arbeidsmiljøloven (AML) § 7-1 (1). AMU sin funksjon er gitt av reglane i kapittel 7 i AML og Forskrift om organisering, leiing og medvirkning (Folm) kap. 2 § 2-3. Lov og forskrifter er overordna dette reglementet.

    AMU skal verke for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i Nissedal kommune. Utvalet skal delta i planlegging av verne- og miljøarbeidet i kommunen og følgje utviklinga i spørsmål som gjeld tryggleik, helse og velferd for våre arbeidstakarar.

  2. Val og samansetjing
    AMU har 6 (7) medlemmar med varamedlemmar:

    - 3 medlemmar frå arbeidsgivarsida. Arbeidsgivarsida består av kommunedirektøren og dei to kommunalsjefane (rekneskap/IKT og økonomi). Kommunedirektøren peikar ut felles liste av varamedlemmar for arbeidsgivarsida, normalt einingsleiar for dei største einingane i tal på tilsette. Vervet som medlem i AMU følgjer stillingane. Varamedlemmar vert peika ut for to år om gongen. I periodar der arbeidsgivarsida har leiarvervet i AMU, er kommunalsjef personal og utvikling leiar i kommunedirektøren sitt fråvær.

    - 3 medlemmar frå arbeidstakarsida med personlege varamedlemmar. Ein av desse medlemmane skal vere hovudverneombodet. Dei andre to medlemmane frå arbeidstakarsida skal veljast etter høvetalsprinsippet blant hovudtillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane. Vervet som medlem følgjer organisasjonsvervet. Valet av medlemmane frå arbeidstakarsida gjeld for to år.

    - 1 medlem frå bedriftshelsetenesta. Denne medlemmen har møte- og talerett, men ikkje røysterett i AMU. Bedriftshelsetenesta skal vere eit rådgivande og uavhengig organ, som representerer både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida.

    Leiarvervet går på omgang mellom partane, med to års funksjonstid. Kommunalsjef personal og utvikling er utvalet sin sekretær uavhengig av kva part som har leiarvervet.

  3. AMU sine oppgåver og mynde
    Lovpålagte oppgåver for AMU (AML § 7-2 og Folm § 2-3):

    - Handsame spørsmål som gjeld bedriftshelsetenesta og vernetenesta

    - Handsame spørsmål om opplæring og instruksjon på område som kan ha betyding for arbeidsmiljøet

    - Handsame planar om nye lokale, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet

    - Handsame andre planar som kan få vesentleg betyding for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og førebyggjande vernetiltak

    - Delta aktivt i HMS-arbeidet i kommunen. Delta i kartleggingar, utarbeiding av handlingsplanar og gi råd ved prioriteringar og tiltak

    - Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar

    - Gjennomgå alle rapportar om ulukker, nestenulukker og sjukdom som kan skuldast arbeidsmiljøet. Ha fokus på årsaka til hendinga og sjå til at arbeidsgivar gjer det som er nødvendig for å hindre at det skjer på nytt

    - Gjennomgå alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkingar og måleresultat

    - Handsame spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne

    Dersom AMU meiner det er nødvendig for å verne liv og helse, kan utvalet krevje av arbeidsgivaren gjennomfører konkrete tiltak innanfor arbeidsmiljøloven sitt område for å betre arbeidsmiljøet. AMU kan setje ein frist for når tiltaka skal vere gjennomførte.

    I Nissedal kommune har AMU rett til å uttale seg i samband med budsjett, handlingsprogram og tertialrapportar. Årsmeldinga skal drøftast med utgangspunkt i HMS-relaterte forhold, som t.d. sjukefråvær og kompetanseutvikling.

    AMU kan setje ned underutval innan arbeidsmiljøområdet og gi desse mandat for deira arbeid. AMU er AKAN-utval for Nissedal kommune.

  4. Sakshandsaming i AMU
    Utvalet skal ha møte når leiar finn det nødvendig eller når minst to medlemmar krev det. Det skal gjennomførast minst 4 møte i året. Ordinær møteplan vert tilpassa politisk møteplan så godt det let seg gjere, for å sikre at AMU får uttale seg til aktuelle saker som skal til politisk handsaming. Innkalling blir normalt sendt medlemmane ei veke før møtet. Kopi av innkallinga går til varamedlemmar, andre einingsleiarar og hovudtillitsvalde, ordførar, varaordførar og kontrollutvalet.

    Alle arbeidstakarar og verneombod kan be om at saker vert tekne opp i AMU. Elles tek AMU opp saker på eige initiativ.

    Utvalet er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmane med røysterett er til stades, og det er minst ein møtande for kvar part (arbeidsgivar – arbeidstakar). Dersom AMU ikkje finn løysing på saker som alle medlemmane er einige om, skal dei ha ei avstemming. Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Dersom det blir likt tal på røyster, tel leiaren si røyst dobbelt. Forslag som blir gitt skriftleg skal voterast over, og dei skal protokollførast.

    Det skal skrivast protokoll frå alle møta i utvalet.

    Medlemmane i AMU har teieplikt om personlege forhold og opplysningar som kan utnyttast av andre til næringsverksemd. Teieplikta gjeld ikkje når det er gitt samtykke, eller når det er nødvendig å informere arbeidstakarar om fare for liv og helse. Det er berre valde medlemmar, møtande vara for desse etter særskilt innkalling, og eventuelle andre som AMU har invitert til enkeltsaker i møtet, som har rett til å vere til stades i AMU-møte. Dette fordi teiepliktig informasjon kan kome fram i møtet, og denne skal ikkje delast med folk som ikkje har bruk for denne informasjonen.

  5. Årsrapport
    AMU skal kvart år rapportere om sitt arbeid til styrande organ og arbeidstakarane sine organisasjonar (lokalt). Rapporten skal ikkje sendast inn til Arbeidstilsynet, men skal vere tilgjengeleg for dei om dei ber om det. AMU står fritt i utforminga av rapporten, men Arbeidstilsynet gir føringar om innhaldet. I Nissedal kommune bør årsrapporten innehalde følgjande:

    - Fakta om utvalet: Kva part som leiar utvalet. Oversikt over medlemmar og varamedlemmar gjennom året. Informasjon om lovkrav til opplæring er oppfylt. Tal på møte i utvalet.

    - Arbeidet i utvalet: Oversikt over saker handsama i utvalet, gjerne med merknad om det har vore uttale til andre fora eller vedtak. Oversikt over referat- og drøftingssaker. Korleis AMU har teke del i HMS-arbeidet i kommunen. Viktige saker utvalet ynskjer å nemne spesielt.

  6. Krav til opplæring
    Medlemmar av AMU har krav på nødvendig opplæring, tilsvarande såkalla "40 timars kurs" i HMS. Opplæringa bør leggjast til arbeidstida, og deltakarane skal ha full løn og fri frå sine vanlege oppgåver. Dersom opplæringa blir lagt i fritida for arbeidstakarmedlemmane, skal det betalast løn som om det var ordinær arbeidstid, men utan overtidstillegg. Arbeidsgivar skal dekkje utgiftene til opplæringa.